Corporate America av Boston

Corporate America
Studioalbum av Boston
Språk engelsk
Utgjeve 5. november 2002
Innspelt 1998–2002
Sjanger Hardrock
Lengd 47:28
Selskap Artemis
Produsent Tom Scholz, Gary Pihl, Fran Cosmo, Anton Cosmo
Boston-kronologi 
Greatest Hits
(1997)
Corporate America Life, Love & Hope
(2013)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 stars [1]
Rolling Stone1/5 stars [2]

Corporate America er det femte studioalbumet til det amerikanske hardrockbandet Boston, gjeve ut i 2002. Dei fleste utgåve av albumet inneheld eit konsertopptak av «Livin' for You». Den originale versjonen av «Livin' for You» kom frå det førre albumet til Boston, Walk On (1994).

Albumet introduserte både Anton Cosmo og Kimberley Dahme som bandmedlemmar og låtskrivarar. Dette var òg det siste Boston-albumet med solovokalisten og opphavleg medlem Brad Delp, som tok livet sitt i 2007. Det var òg det siste albumet deira med Fran Cosmo.

Albumet selde 32 000 eksemplar den første veka det kom ut og nådde 42. plassen på Billboard 200 i USA. I 2013 hadde albumet selt over 500 000 eksemplar i USA. Albumet vart trekt frå alle digitale marknader av Tom Scholz på grunn av ein strid med plateselskapet Artemis.

Ein instrumental, «Crystal Love», som på Internett ofte er omtalt som eit bonusspor frå Corporate America er i røynda ein song av den sørkoreanske gitaristen Lee Hyun Suk frå albumet 3 i 1995.[3]

  1. Corporate America av BostonAllmusic
  2. «Boston: Corporate America». Arkivert frå originalen 10. januar 2008. Henta 16. mai 2020. 
  3. metal-archives.com – Lee Hyun Suk – Lee Hyun Suk 3.

© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search